Søke helseverngodkjenning

Alle skular og barnehagar skal være godkjent etter Forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler. Barnehage/skuleeigar og rektor/styrar/tenesteleiar må ha avklara ansvar og roller knytt til det å søke om godkjenning etter forskrifta, og ha rutinar for dette i internkontrollen.

Framgangsmåte for godkjenning vil avhenge av tiltaket:

• Ny barnehage/skule.

• Eksisterande barnehage/skule ikkje tidligare godkjent.

• Renovering av eksisterande barnehage/skule.

• Tilbygg til eksisterande barnehage/skule.

• Midlertidige erstatningslokale.

• Driftsmessige endringar (eks.: Omlegging av driftsform, utviding av ta barn) (ref. rundskriv fra Helse- og omsorgsdepartementet I-1 /2012).

Forskrifta inneheld både bygningstekniske og driftsmessige krav. For nye tiltak som også er søknadspliktige etter plan- og bygningslova, er det hensiktsmessig å dele godkjenninga i 2 trinn. For eksisterande barnehagar og skular som søker godkjenning, gå rett til trinn 2.

Trinn 1: skuleeigar/barnehageeigar søker om samtykke til planer for ny verksemd eller større endringar/utviding/rehabilitering/tilbygg mv. Samtykke bør gis samtidig med at plan- og bygningsmyndigheita behandlar rammesøknaden for tiltaket.

Søknad om samtykke for lokale uteområde, barnehagar og skular (elektronisk)

Søknad om samtykke for lokale uteområde, barnehagar og skular

Trinn 2: leiar for skulen eller barnehagen søker om godkjenning ifølge bestemmelser omkring drifta av skulen. Godkjenning gis om mogleg før oppstart. Det kan være aktuelt for godkjenningsmyndigheita å be om å få vurdere skulen eller barnehagen sitt IK-system igjen etter nokre månaders drift, då ikkje alt vil være heilt på plass ved oppstart.

Helseverngodkjenning av barnehage (elektronisk)

Helseverngodkjenning av barnehage       

Helseverngodkjenning av grunnskule og vidaregåande skule (elektronisk)

Helseverngodkjenning av grunnskule og vidaregåande skule

 

Rettleiing til forskrifta: