Vedtakskontoret handsamar søknader om

  • helse- og omsorgstenester i Sogndal kommune
  • omsorgsbustad
  • parkeringsløyve for forflytningshemma
  • følgjekort

Kontoret handsamar saker etter rutine for sakshandsaming. Det vil seia mottak av søknad, kartlegging, vurderingsbesøk og å fatta vedtak i tråd med lovverket.

  • Kontoret kan kontaktast på telefon 400 22 970 måndag til fredag kl 10:00 - 14:00.
  • Personleg oppmøte skal vera avtala på førehand.


Vestland fylkeskommune har frå 1. januar 2021 overteke alt ansvar for tt-kort. Meir informasjon om dette finn du på nettsida til Vestland fylkeskommune.