Kvernhushaugen barnehage er ein nyoppretta, midlertidig, kommunal barnehage med 2 avdelingar og 30 born.
Barnehagen er i Kaupanger Idrettslag sitt klubbhus, og ligg ved eit flott idrettsanlegg, med to store fotballbaner, Tuftepark, sykkelbane, Freesbee-bane, og ikkje minst ein stor skog rett utanfor, med turstiar og postar.
I nærmiljøet har vi ViteMeir-senteret, Det Heiberske Museet, Hovland gård, Furuli barnehage.
Kvernhushaugen barnehage kan tilby 60%, 80% og 100% plassar.